• Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gje førstehjelp.
  • Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Ring politiet på 02800 og meld frå om påkøyrselen.
  • Ver så presis som mogleg når du varslar. Sei kva som har skjedd og kvar det har skjedd.
  • Få med detaljar om art, tal og kjønn på dyret, dersom du veit det.
  • Merk påkøyrselstaden, slik at det blir enklare å spore opp skada dyr.
  • Eit merke på ei brøytestikke, kvist eller anna kan hjelpe vilt-ettersøkspersonen å finne fram.
  • Følg aldri etter eit skada dyr sjølv. Det kan både vere farleg og gjere arbeidet til ettersøkshunden vanskeleg.
  • Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller uten skuld i trafikkuhellet.
  • Du er pliktig etter lova å melde frå om påkøyrde dyr.

Kjelde: Miljødirektoratet

Aktuelle lenkjer: