Det er mykje som er mogleg å gjere for å stimulere frivillig arbeid. Frivillighetsåret skal bidra til å styrke frivillig arbeid, få fleire til å engasjere seg i frivillig arbeid, og få ulike frivillige organisasjonar og frivillig arbeid til gjensidig å forsterke kvarandre.

Kommunen inviterer alle som er interessert i å bidra frivillig til eit møte for å tenke høgt samen med andre frivillige, frivillige organisasjonar og lag i Seljord. Samen kan vi kome opp med ein plan som passear for vår kommune.

Kommunenes frivilligkoordinator inviterer alle interesserte frå lag eller organisasjonar til eit møte om frivillighetens år.

Tid: Onsdag 10. november klokka 18.00  til 19.00 
Stad: Kommunestyresalen på kommunehuset (Brøløsvegen 13A)

Velkomen til til kaffi og kake frå klokka 17.45.