Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Alle mellomalderbygningar og ståande byggverk eldre enn 1650 er automatisk freda. I tillegg er om lag 4500 bygningar freda av Riksantikvaren. Ca. 60 % av desse er i privat eige. Når det gjeld kostnader til å setje i stand og halde ved like eigedommen, er dette utgifter som i utgangspunktet eigaren må bere sjølv, anten eigedommen er freda eller ikkje. For vedlikehald av freda bygning kan det likevel gjevast tilskott.

    Ordinært vedlikehald på freda bygning eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene med mindre fredingsføresegnene til eigedommen seier noko anna. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene. Tiltak som er meir omfattande enn ordinært vedlikehald, krev dispensasjon frå kulturminnelova dersom det ikkje er sagt noko anna i fredingsføresegnene.

    Målgruppe

    Eigarar og brukarar/forvaltarar av freda bygningar og anlegg som vil setje i gang tiltak som går ut over vanleg vedlikehald.

    Kriterium/vilkår

    Dispensasjon kan bare bli gjeven til tiltak som ikkje går ut over føremålet med fredinga, og som ikkje fører med seg vesentlege inngrep i det freda bygget eller det freda anlegget. Døme på tiltak som kan krevje dispensasjon kan vere skifting av kledning, vindauge eller tak.

    Pris for tenesta


    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende


    Tilskudd fra Riksantikvaren

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kulturminnelova § 17 (tilskott til vedlikehald) og forskrifter til denne lova. Eventuelle fredingsvedtekter knytta til den enkelte eigedommen. Sjå òg plan- og bygningsloven kap. 31 Krav til eksisterende byggverk.

    Lover

    Kulturminneloven
    Plan- og bygningsloven

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen vil kunne hjelpe til med råd når det gjeld utforming av tiltaket, metodar og materialval.

    Vedlegg

    Forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning

    Søknadsfrist

    Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Kontakt fylkeskommunen når det gjeld søknadsfrist om økonomisk kompensasjon.

    Søknaden sendes til

    Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Fylkeskommunen gjennomfører synfaringar/registreringar dersom dette er nødvendig. Fylkeskommunen gjer sitt vedtak, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, knytte til til dømes materialbruk og metodar. Dersom det blir sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, har du krav på økonomisk kompensasjon, heilt eller delvis. Du kan søkje om støtte til dette.

    Saksbehandlingstid

    Fylkeskommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom fylkeskommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Riksantikvaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2021-08-12 14:42