Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

"Frå leige til eige"

Publisert
Hus illustrasjon

Hus illustrasjon

Kommunestyret i Seljord fatta 17.9.2020 vedtak om at Seljord kommune skal prøve ut «Leige til eige» som eit nytt bustadpolitisk verkemiddel.

Kommunen kan kjøpe bustad til to familiar der formålet er at vanskelegstilte familiar skal kunne overta fullt økonomisk ansvar for eigen bustad på sikt. Ordninga er eit prøveprosjekt.

Det er ein føresetnad for deltaking i ordninga at ein ynskjer varig busetting i kommunen og har barn i barnehage- og/eller skulealder. Familiane som får delta må kunne ha ansvar for alminneleg vedlikehald av eigen bustad m.m.

Du finn også informasjon om ordninga her, sjå Veiviseren.no - For bolig og tjenesteområdet: Leie til eie for vanskeligstilte

Enkel søknad til kommunalsjef oppvekst, Ronde Ingeberg Schade, ronde.schade@seljord.kommune.no

 

Søknadsfrist 30.11.2020

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker