På grunnlag av behovskartlegging med dei ulike gruppene er det utarbeidd planskisser. Planskissene blei lagt fram i digitalt folkemøte 22.4.2021. Planskissene blir stadig oppdatert i dialog med brukarane av skulen.

Skule:
Det er tenkt ei mindre utviding av skulebygget mot ballbingen, samt totalrenovering av eksisterande bygningsmasse. Eksisterande planskisser har tatt høgde for eit samla elevtal ved skulen på inntil 130 elevar. Då kan i så fall alle elevane vere samla i skulebygget. Gjeldande elevtalsprognose for skulen viser ein topp med 81 elevar ved skulen skuleåret 2022-23 og 64 elevar skuleåret 2025-26. For heile kommunen er det forventa elevreduksjon frå 350 elevar i skuleåret 2021-22 til 300 elevar i 2025-26.

Hovudmål 2 i samfunnsplanen til Seljord kommune er "Seljord kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu i og flytte til slik at det blir 100 ekstra tilflyttarar fram til 20230". I gjeldande økonomiplan er det avsett 37,5 millionar til investering i skulebygg i heile kommunen.

Barnehage:
Det er og utarbeidd planskisse med utviding av barnehagen sine areal ved bruk av underetasjen i samfunnshuset.  Med utviding av eksisterande areal til barnehagen vil det vere plass til alle barn i Flatdal som ynskjer plass lokalt.

Innspel:
Vi ynskjer no innspel og/eller forslag frå deg. Bruk denne  lenkja for å kome med innspel:  https://forms.office.com/r/xfvDHXUfrv
Alle innspel og forslag vil bli lagt med som vedlegg til den politiske saka til kommunestyret 17.6.2021. Prosjektleiar og andre involverte vil fortløpande bruke innspel og forslag i arbeidet med å lage den beste moglege løysinga for oppvekstsenteret/Flatdal skule.

Vi er takksame for alle gode innspel til saka. Du kan finne planskisser og meir opplysningar om prosjektet på kommunen sine heimesider.