Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

For deg som reiser heim til Seljord i jola

Publisert , Oppdatert 21. desember 2020
Seljord kommunevåpen

Seljord kommunevåpen

Det å reise heim til jol er viktig for mange, og du er sjølvsagt velkommen heim.

Vi ynskjer likevel at dersom du reiser frå̊ eit område med høg smitte til eit område med låg smitte at du tek nokre forhåndsreglar i 10 dagar etter at du har kome heim:

  • Hald deg til dei same smittevernstiltaka som der du bur til vanleg, når du kjem til oss
  • Reduser talet på̊ nærkontaktar. Møter du fleire personar og gjentek dette i løpet av romjola vil du til saman kunne utsette mange for potensiell smitte
  • Hald 2 meters avstand til personar i risikogruppa. Det er utarbeidd eigne retningsliner for besøk på institusjonane våre
  • Ver særleg nøye med hand- og hostehygiene
  • Ver særleg merksam på symptom og ha låg terskel for å teste deg dersom du får symptom, eller du trur du kan ha vore utsatt for smitte. Vi ber dykk kontakte legesenteret for bestilling av tidspunkt for testing
  • Har du spørsmål oppmodar vi deg å sjekke folkehelseinstituttets nettsider www.fhi.no , evt. å bruke den nasjonale Koronatelefonen på 815 55 015.

Vi minner om at smitterisikoen utandørs er svært liten når ein held avstand og følgjer vanlege smittevernsråd. Det er difor lurt å flytte mest mogleg sosial kontakt i jola utomhus, avtal ein gåtur eller fyr opp eit bål. På denne måten skapar ein trygge og gode alternativ framfor å reise på for mange besøk innomhus.