Elevane på Flatdal skule er i gong med eit spennande skuleår. Allereie fyrstkomande måndag startar arbeidet med tilbygg og oppgradering av skulen vi er så glade i. Ein må utnytte moglegheitene som byr seg. No er alle elevane på skulen engasjerte i dokumentering av prosessen. Det kjem til å bli mange flotte presentasjonar av byggearbeidet i tida framover. Alt frå bildebøker frå dei yngste elevane til gode skriftlege dokument, filmar, power-piont presentasjonar frå dei eldste.

Det er flott å kunne dekke læreplanmål i både skriving, rekning, kunst og samfunnsfag gjennom heilt konkret arbeid.