Ferdigattest

Ved søknad om ferdigattest må det bekreftas at tiltaket tilfredsstiller krav til ferdigattest, det må opplysas om det er utført endringar ift. gitte tillatelse, evt. sluttrapport for avfallshåndtering med dokumentasjon, og bekrefting på at tilstrekkeleg dokumentasjon for driftsfasa (forvaltning, drift og vedlikehald) er overlevera eigar av byggverket, må følgje søknaden saman med evt. andre naudsame vedlegg. Evt. gjevne vilkår i byggjeløyve må dokumenteras oppfylt. Søknaden må signeras og kan kun sendast inn av den som byggjeløyvet vart utstedt til.

Mellombels bruksløyve

Ved søknad om mellombels bruksløyve skal det oppgjevast ein dato for når det er planlagt å søkje om ferdigattest,  kva det søkjast om bruksløyve for, og det skal detaljert presiserast kva for arbeid som står att fram mot søknad om ferdigattest. Dette kan kun vera arbeid av mindre vesentleg betyding, og det må i alle tilfelle kunne stadfestast at tiltaket har tilstrekkeleg tryggleiksnivå til å kunne takast i bruk. Evt. nødvendige vedlegg må fylgje søknaden. Søknaden må signerast og kan kun sendast inn av den som byggjeløyvet vart utstedt til.
Merk at søknad om bruksløyve skal vere unntaksvis, hovedregelen er at alle tiltak skal gjerast ferdige og at det skal søkjast om ferdigattest. Søknaden må difor vera grunngjeve, og kommunen må i kvart enkelt tilfelle avgjera om det skal gjevast bruksløyve eller ikkje. Dette er altså ingen rett.

Søknad

Fyll ut ferdigattest (blankett 5167) og søknad om mellombels bruksløyve (blankett 5169) samt alle andre nødvendige vedlegg. Skjema kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Plikt til å søkje om ferdigattest/bruksløyve før eit nytt tiltak kan takast i bruk fylgjer av Plan- og bygningslova § 21-10 og byggesaksforskrifta SAK10 kap. 8.