I meldinga heiter det m.a.:
For å stoppe spreiing av korona/Covid-19-viruset har Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar i dag vedteke å innføre karantenepåbod for alle reisande frå alle fylke og kommunar i Noreg, med unnatak av kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn. Vedtaket er fatta med heimel i Smittevernlova § 4-1.

Det betyr at alle innbyggjarar i Seljord, Kviteseid og Vinje som har vore utanfor dei nemnte kommunane frå 13.mars eller seinare må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet.

Dette gjeld også arbeidspendlarar som pendlar ut frå kommunen. Husstandsmedlemmar er ikkje omfatta av vedtaket.

Om du reiser til andre kommunar enn Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn vert du automatisk sett i 14 dagar heimekarantene når du kjem att. Reiser du ut att i løpet av denne perioden startar det ein ny karanteneperiode når du kjem att.

Vi ynskjer minst mogeleg ferdsel inn og ut av kommunane våre no!
Forbod mot innreise
Alle som har opphald i område utanfor kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Midt-Telemark, Hjartdal, Notodden og Tinn har forbod mot å reise inn til Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar.

Dette gjeld òg arbeidstakarar som pendlar inn til arbeidsplassar i Seljord, Kviteseid og Vinje kommunar dersom dei ikkje utfører samfunnskritiske oppgåver. Dei som pendlar inn og utfører samfunnskritisk arbeid vert bedne om å vere i kontakt med færrast mogeleg medan dei oppheld seg i kommunen.

Les heile pressemeldinga her