Det er «sånt som skjer» og kan skje alle. Det er ikkje ulovleg å køyre på eit dyr, men det er nokre reglar for kva du skal gjere i etterkant.
NB! Påkøyrsel av vilt SKAL varslast Politiet på telefon 02800, utan unntak.
Dette er og nødvendig om du ynskjer nokon form for dekning på forsikringa ifm. skadar på bilen.

Det vil og lette jobben for dei som kjem etterpå om du kan merke kollisjonsstaden med t.d. ein plastpose eller refleksvest på ei brøytestikke. Ligg dyret i grøfta eller forsvann i skogen, så la det for all del ligge i fred, ikkje gå bort for å sjå etter det eller undersøkje korleis det går med dyret. Resultatet av det er ofte at dyret stikk iveg, og vidare ettersøk blir mykje vanskelegare å gjennomføre.

I førre veke blei vi varsla av forbipasserande om eit påkøyrd rådyr som lå dødt i kanten av vegen. På veg for å hente dyret og ta CWD-prøve av det, ser ettersøkspersonellet ein stor blodpøl i vegen ein annan plass. Også her ligg det eit dødt rådyr. To rådyr med eit par km mellom på same natt/morgon, ingen av dei er varsla politiet. Desse dyra hadde store skadar og har nok «døydd i smellen», utan nokon form for liding. Det som er verre å tenkje på er alle dei dyra som kjem seg eit lite stykkje bort i skogen og ligg der i timar eller dagar før døden befrir dei frå lidingane.

Så igjen: Det er ikkje ulovleg å køyre på eit dyr, men det er ulovleg å ikkje varsle politiet om det etterpå.

Tre enkle ting å hugse på:

  • Merk staden nøyaktig
  • Ring 02800 for å varsle kva som har skjedd og kvar
  • Let skadde dyr liggje i fred