Tilbod:

Alle i Seljord kommune i alle aldrar, kan få tilbod om fysioterapi.

  • Behov  for hjelp etter henvisning frå fastlege eller sjukehus
  • Behov for hjelp i forhold til muskel/skjelettlidingar
  • Behov for opptrening/rettleiing etter skade og /eller operasjon
  • Behov for hjelp før operasjon, t.d. hofteoperasjon

Grupper:

Ulike tilbod om gruppetrening. For å vere med på ulike grupper, kan du vende deg til fastlege eller kommunefysioterapeuten

  • Balansegruppe. Førebyggje fall, styrketrening
  • Bassenggruppe. For dei som av ulike årsaker har vanskar med å trene vanleg
  • Avspenningsgruppe
  • Fredagstrim for bebuarar på Nesbukti
  • Friskliv og meistring (grupper både ute og inne heile året)

Samarbeid:

Fysioterapitenesta samarbeider med:

  • Heimesjukepleia. Kvardagsrehabilitering
  • Nesbukti pleie-og omsorgsenter
  • Heddeli bu - og servicesenter
  • Steinmoen bu - og servicesenter
  • Legane
  • Helsestasjonen
  • Barnehagane
  • Skulane

Foreldre som ynskjer ei samtale om barnets motoriske utvikling kan ta kontakt. Vanlegvis blir barn som treng noko ekstra henvist frå fastlege, helsestasjonen eller 2.linetenesta (sjukehus, HABU m.fl.)

Om ergoterapitenesta:

Ergoterapi handlar om å fremme helse gjennom aktivitet, og å støtte menneske i å utføre aktivitetar og delta i samfunnet. Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltakelse, og arbeidar for at alle uavhengig av funksjonsevne kan delta i samfunnet.  Ergoterapeuten kartlegg kva som hindrar eller mogleggjer kvardagsaktivitetar og fokuserar på kva som er viktig i livet til den personen som skal motta hjelp. Typiske arbeidsoppgåver for ein ergoterapeut: 

  • Rehabilitering etter skade/sjukdom
  • Habilitering etter skade/sjukdom 
  • Hjelpemiddelprosessen - kartlegging, vurdering av tiltak, igangsettelse av tiltak, søknad om hjelpemiddel, opplæring i hjelpemiddel og oppfølging på hjelpemiddel ¨
  • Tilrettelegging i ulike omgivelser (fysiske, sosiale, kulturelle, institusjonelle), f.eks. barnehage, skule og arbeidsplass