Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Endring i kokevarsel for Seljord kommune

Publisert
Reint drikkevatn

Reint drikkevatn. Foto frå Colourbox.

Kokevarsel gjeld no berre abonnentar som får vatn frå Tømmeråsen.

Seljord kommune har i dag, 28. juli, fått prøveresultat på vassprøver som friskmelder drikkevatnet for alle områder unntatt dei som får vatn frå Tømmeråsen høgdebasseng. Prøva frå Tømmeråsen var også negativ, men Mattilsynet krev to negative prøver før vi kan stoppe kloring og kokevarsel. Huseigarar som no har trygt vatn blir varsla på SMS. Seljord kommune vil ei periode framover klore vatnet av førebyggande omsyn. Vi har stor mistanke om at forureininga skuldast leidningsbrot.

Dette betyr også at det er trygt vatn for dei som deltek på Countryfestivalen i Seljord.

For abonnentar i Tømmeråsen held kokevarsel fram.

I tråd med mattilsynet sine retningslinjer, og for å sikre stabil kvalitet på drikkevatnet, vil kokevarsel og kloring fortsette fram til to prøver frå Tømmeråsen viser at det ikkje er bakteriar i vatnet. Nye prøver er tatt i dag og vil bli analysera dei nærmaste dagane. Vi ber om orsaking for ulempa desse tiltaka gjev.

Når det ikkje lenger er naudsynt å koke vatnet vil det bli varsla til dei abonnentane det gjeld gjennom SMS.

Sjå råd frå Bergen kommune om kokevarsel her