Regjeringa opplyste 28.5.2020 at smitteverntiltaka for store arrangement vert vidareført ut året. Framleis gjeld forskriftsforbodet mot store arrangement, og med dette er årets Dyrsku’n 11.-13. september avlyst. Ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide er bekymra for korleis korona-krisa vil påverke Seljordsamfunnet: - Det er klart eg tenker mykje på konsekvensane for lokale arbeidsplassar, spesielt innanfor handel og reiseliv,  seier Dahl Eide. Tal innhenta frå Telemark Næringshage syner førebels ein estimert reduksjon i omsetjinga i lokal handel på fleire hundre millionar kroner. - Dette er anslag frå verksemdene før det vart klart at festivalane og Dyrsku`n 2020 vart avlyst. Situasjonen er ikkje noko lysare no, seier ein bekymra Seljordsordførar.

- I Seljord er tidsrekninga før og etter Dyrsku’n. Vi har mange heilårsarbeidsplassar knytt til aktivitetane på Dyrskuplassen, så konsekvensane for samfunnet vårt vil bli store, og Seljord blir særs hardt ramma. Det er avgjerande at staten no bidreg med kapital så vi kan sikre både arbeidsplassar og friviljug sektor. Lag og foreiningar har ei særleg viktig stilling i Seljordsamfunnet, og dei missar no heilt grunnleggande inntekter, seier Dahl Eide. 

Kommunen arbeider no for å få dei nasjonale støtteordningane til å dekke næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar som no misser store inntekter når det verken vert festivalar eller Dyrsku i bygda i år: - Regjeringa har sagt at kompensajonsordningane skal avsluttast 31.08. Det vil vere katastrofalt for oss her i Seljord. Dei som har høgfjellshotell og skiheiser som måtte stenge i påska er over det akutte. For oss har konsekvensane såvidt starta. Staten må bidra her som ein har gjort ellers i landet. Noko anna er uakseptabelt!