Kva er «Frå leige til eige»?:

Ordninga hjelper barnefamiliar som ikkje greier å kome seg inn på boligmarknaden med å kjøpe eigen bustad. Dei kan t.d. ha vanskar med å skaffe tilstrekkeleg eigenkapital.
Kommunen kjøper bustaden, og finaniserer dette gjennom lån og tilskot i Husbanken.
Familiane betaler husleige som dekker lånekostnadane og kommunale avgifter, og får så etterkvart mogelegheit til å ta over låneansvaret og boligen.  
Ein må sjølv søkje om å vere med i ordninga, og fylle kriteria for å verte teke inn.  Den enkelte familie må finne boligen dei ynskjer.

Seljord kommune har i første omgang sett av 5 millionar kroner til å realisere to «til leige til eige»- prosjekt à 2,5 million. Kostnadane for kommunen vert dekt av tilskot frå Husbanken og husleige frå deltakarane i prosjektet.