Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Bygdetråkk

Publisert
Bygdetråkk

Bygdetråkk

Onsdag 10.februar er vi i gang med Bygdetråkk: ein koronavenleg sosial møteplass i bygda vår! Oppskrifta er enkel: Vi møtast ved barneskulen, og så går vi ein liten tur og pratar i lag. Vi deler oss inn i passeleg store grupper. Det vert verken topptur eller tidtaking, men ein triveleg time der ein både får rørt på seg og prata med nye og gamle kjende. Dette skal vere eit tilbod for absolutt alle vaksne. Målet er praten og å få til gode møter mellom folk, og kanskje med litt kultur ein gong i blant.
Mykje er annleis i desse dagar. Mange sit mykje aleine. Er du ny i bygda har ikkje det siste året vore det enklaste tidspunktet å kome inn i lokalmiljøet på. Møteplassane våre er ikkje som dei brukar å vere. Vi treng møte mellom folk for å ha eit fellesskap. Målet er at Bygdetråkk vert ein stad der folk møtast.
Seljord folkehøgskule er ein viktig del av Bygdetråkk, saman med Røde Kors Seljord, Seljord Turlag, Seljord I.L, Seljord Frivilligsentral og Seljord kommune. Er det fleire lag og organisasjonar som vil vere med på Bygdetråkk, så er det berre å ta kontakt!