Øving på Dyrskuplassen 5. - 6.10.22 kl. 14.00-20.00 båe dagar.
Det skal gjennomførast ei større øving på Dyrskuplassen desse dagane. Dette er ei samøving for Brann, Politi og Ambulanse.
Ein må rekne med mykje utrykningskjøretøy, væpna politi og anna mannskap i dette området desse dagane.
in ber publikum om å halde avstand slik at ein unngår for mykje trafikk inne på Dyrskuplassen under øvingane.

Brannøving I Langlim laurdag 8.10.22 kl. 10-15.00
Seljord Brannvesen skal gjennomføre ei nedbrenningsøving i Langlim, i Langlimvegen 1114, denne dagen.
Dette kan føre til at vegen forbi øvingsområdet vil bli stengt for trafikk i kortare periodar. Ein må og pårekne ein del røyk frå brannstaden, det kan vere lurt å unngå lufting / halde glas lukka for dei næraste naboane.
Ein beklagar dei ulemper dette vil medføre for den enkelte, men det er viktig for Brannvesenet å halde slike øvingar. Dersom nokon har spørsmål rundt dette kan ldu kontakte leiar Beredskap Seljord Brannvesen, Trond Johnsen på telefon 95945376.