Lånereglar

Lånerett:

  • Alle har rett til å låne gratis frå biblioteket, du får lånekort mot å vise legitimasjon. 
  • Institusjonar blir registrerte ved ein ansvarleg person. 
  • Barn under skulepliktig alder låner på føresette sitt lånekort.

Lånetid: 

  • Lånetida er normalt 4 veker. Unntak: Lånetid for film og tidsskrift er 2 veker og for språkkurs 6 veker. For materiale innlånt frå andre bibliotek gjeld lånereglane til eigarbiblioteket.
  • Dersom materialet ikkje er reservert kan lånet vanlegvis bli forlenga inntil tre gonger. 
  • Det er også delar av samlinga som ikkje er til heimlån, bare til bruk på biblioteket. 

Fornying:

  • Kan skje ved frammøte på biblioteket, via telefon, e-post eller internett – logg inn med lånenummer/epost og PIN-kode på biblioteket si heimeside.

Reservering:

  • Materiale som er utlånt til annan lånar kan som regel bli reservert. Du får melding når materialet kjem, med ei frist for å hente.

Fjernlån:

  • Bøker o.a.vi ikkje eig sjølve prøvar vi å skaffe frå andre bibliotek. For slike lån gjeld lånereglane til eigarbiblioteket, inkludert satsar for erstatning/gebyr. Reglane finn ein som regel på eigarbiblioteket sine heimesider.

Ansvar: 

  • Lånaren er ansvarleg for det som blir lånt på eige lånekort. 
  • Hugs lånekort når du skal låne. 
  • Meld adresseendring og tap av lånekort til biblioteket. 
  • Lånaren har plikt til å gjere seg kjent med lånarreglementet
  • Bøker o.a. som ikkje er levert før lånetida er ute, vert purra. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast etter fastsette satsar, eventuelt kan lånekortet bli sperra til saken er oppgjort. Det blir ikkje kravd erstatning frå barn under 15 år.

Satsar for erstatning av tapt/øydelagt materiale:

  • Materiale nyare enn eit år: Full pris eller erstatningskjøp.
  • Materiale eldre enn eit år som framleis er i sal: Full pris - 20%. 
  • Materiale som ikkje er i sal i bokhandel: Etter skjønn, sjekk t.d. hos antikvariat.net.
  • Materiale lånt inn frå andre bibliotek: Eigarbiblioteket sine satsar gjeld.

Særskilde reglar:

  • Film lånt på biblioteket er til privat bruk og det er lånaren sitt ansvar å fylgje aldersmerkinga. 
  • Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som måtte oppstå på teknisk utstyr ved bruk av lånt materiale.

Digitale tenester

Her er eit utval, ta kontakt med oss (tlf. 35 06 51 56, e-post biblioteket@seljord.kommune.no, eller FB)  om du treng lånekortnr. eller PIN-kode. Du kan også skaffe deg Nasjonalt lånekort digitalt her

Felles side for Vest-Telemarkbiblioteka

Meirope bibliotek

Meirope bibliotek betyr tilgang i ordinær opningstida på Granvin, men utanom bibliotekets bemanna opningstid. Du må vere over 18 år og ha avtale om innlogging, det får du på biblioteket!  Avtale om tilgang meirope bibliotek