Barnehagetilbod i Seljord kommune:

  • Seljord barnehage, avd. Heddeli og Tussejuv: 3, 4 og 5 dagars tilbod
  • Flatdal oppvekstsenter, barnehage: 3, 4 og 5 dagars tilbod     

Du kan berre søke elektronisk på barnehageplass. Søknadsskjema finn du på kommunens heimeside under Søk tenester/skjema a-å, sjå Barnehage - Foreldreportalen 

Nytt barnehageår startar onsdag 17.8.2022 for nye barn/nye endringar av plassar.

  • Dei som alt har plass, har denne inntil dei søkjer om endring eller seier opp plassen
  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Retten gjeld berre viss det er søkt innan 1.mars til hovudopptaket
  • Vi ber om at alle skriv minst to ulike prioriteringar i søknaden i tilfelle vi ikkje kan innfri 1.valet
  • Vi ber og om at du prioriterer det du faktisk ynskjer som 1.val sjølv om du kanskje ikkje trur du får det. 

Barn som fyller eitt år seinare enn november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett opp søkarliste og tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane. Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i Vedtekter for barnehagane i Seljord. 

Søknadsfrist 1. mars 2022.  Send søknad elektronisk.

Vi minner om ordning med redusert betaling for barnehageplass.

Du treng ikkje søke om redusert betaling før du har fått  og takka ja til tilbod om barnehageplass. Det er dessutan lurt å vente til etter at du har motteke skattemelding.
Søknadsfrist er 1.august. 

Les om ordninga her

Du finn meir informasjon om barnehagesektoren i Seljord kommune her