Lokale beredskapsplanar for barnehage og skule

I dei nye rettleiingane frå slutten av mai opererer ein med nivåinndeling av smitteverntiltak, ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. Seljord kommune er på gult nivå inntil vidare med dei krava til smittevern, handhygiene, krav til gruppestorleik, inndeling i faste grupper/kohortar, og krav til å halde avstand som ligg i gult nivå.

Beredskap viss vi må ha redusert opningstid i barnehage, SFO og skule

Viss redusert opningstid i barnehage og SFO:
Ved redusert opningstid vil det vere mogleg med tilbod om utvida opningstid for foreldre med samfunnskritiske oppgåver eller sårbare barn.

Barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.  
Skule- og barnehageeigarar har ansvar for å sørge for eit tilbod til barn med føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.
Det er to moglegheiter for å få tilbod: 

  1. Personell i kritisk samfunnsfunksjon 
  2. Personell med andre verksemdskritiske oppgåver, sjå oppdatert oversikt i lenka nedanfor

Lenke til oversikt over kritiske samfunnsfunksjonar på Regjeringen.no  

For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:

  • Barnet skal vere under 12 år
  • Det er tilstrekkeleg at éin føresett arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod
  • Det finst ikkje andre moglegheiter for barnepass
  • Arbeidsgivar må på førespurnad kunna stadfesta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve

Barn og unge med særskilte omsorgsbehov.                                                                                     

Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skule og barnehage gir unntak for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna. Dette handlar òg om barn og unge som barnevernet gir hjelpetiltak til, er i fosterheim eller dei som kommunen av andre årsaker meiner har eit særskilt behov.

Enkelte elevar har enkeltvedtak om mellom anna spesialundervisning eller særskild språkopplæring. I perioden skulane er stengde, vil det ikkje vera mogleg for skuleeigarane å gi ei opplæring som fullt ut er i samsvar med desse vedtaka. Det same gjeld for barn som har enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova.

Søke om utvida tilbod i barnehage/SFO:
Føresette må søke på eige søknadsskjema, sjå lenger ned på sida. Søknad skal sendast til aktuell eining.

  • Seljord barnehage, Heddeli og Tussejuv: heidi.haugerud@seljord.kommune.no
  • Flatdal oppvekstsenter, barnehage: nina.bakkaker@seljord.kommune
  • Flatdal oppvekstsenter, SFO: pia.robertsen@seljord.kommune.no
  • Seljord SFO: kjersti.bollerud@seljord.kommune.no

Kryss av for kva kategori du ynskjer at søknaden skal bli behandla etter og skriv ein grunngjeving. For kategori 1 og 2 (samfunnskritiske funksjonar) må føresette føre opp namn på arbeidsgivar/stilling og kva for funksjon eller oppgåver ein har.

Søknadar blir fortløpande behandla etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar og føringar.  

Nyttig informasjon om ordninga:

Helsenorge.no Annan informasjon retta mot foreldre, barn og unge