Skjema
- Pleie- og omsorgstjenester (KF-158-0828)
- Søknadsskjema pleie og omsorgsteneste
- Søknadsskjema pleie- og omsorgsteneste pdf
Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande
Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:
Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi.
Tenesta er gratis.
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.
Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.