Høyring og offentleg ettersyn av Brøløsvegen 7

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Brøløsvegen 7 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i samfunnsutvalet den 13.11.2024.
Det blei i møte fatta følgjande vedtak:
I medhald av pbl § 12-9 blir forslag til detaljreguleringsplan for Brøløsvegen 7 lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker når følgjande endringar er gjort:
1. Endre mønehøgde til maks mønehøgde 13,5 m, maks gesimshøgde 10 m til BK 1 og 2
2. Område O_BT regulerast berre til tenesteyting/park/leik
3. Ta ut krav om trekledning
4. Ta ut krav om saltak
Formålet med planarbeidet er å omregulere Brøløsvegen 7, som i gjeldande plan for Seljord sentrum er regulert til forretning, til sentrumsføremål, bustadbygging, park, grønnstruktur mm. Det har vore eit politisk ynskje med ein fleksibel plan for utvikling av eigedomen som kommunen har kjøpt, då det ikkje er tatt endeleg stilling til korleis eigedomen skal nyttast.
Planen med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka følgjer vedlagt. Volumstudien oversendast som den vart utarbeidd, men frå side 20 visast dei vedtekne endringane etter handsaming i samfunnsutvalet, der bl.a. arealet nærast Granvin er sett av til park, og mønehøgda i bustadområdet er auka til 13 meter.
Det er viktig å klargjere at volumstudien berre syner ein mogleg utnytting av området i tråd med maksimal utnytting og høgder fastsett i føresegnene, den er ikkje juridisk bindande, og det betyr ikkje at det er slik det skal byggjast ut, den illustrerer ein moglegheit. Det ligg ikkje føre konkrete byggjeprosjekt pr. i dag.
Dokument i saka
- Planbeskriving
Word, 13 MB.
- Detaljregulering Brøløsvegen 7_12.12.24.pdf
Pdf, 507 kB.
- Føresegner
Word, 1007 kB.
- Volumstudie
Pdf, 16 MB.
- Miljøteknisk undersøking
Pdf, 3 MB.
- ROS-analyse
Word, 3 MB.
Høyringsfrist
Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Seljord kommune, Brøløsvegen 13A 3840 Seljord, eller på e-post post@seljord.kommune.no innan 23. februar 2025.
Sist oppdatert