Lansering av ny nettside – SeljordBu.no

Som ein del av bygdeutviklarprosjektet, som blei starta opp i januar 2022, skal det lages og driftas ei nettside.

Etter lang tid og mykje planlegging er endeleg nettsida SeljordBu.no oppe og går!

Det er Bygdeutviklaren i Seljord som driftar nettsida og ho jobbar aktivt med å halde informasjonen oppdatert.

Nettsida – www.seljordbu.no Lenke til et annet nettsted. skal gjere det enklare for nye tilflyttarar å få oversikt over dei mange tilboda som finnes i kommunen vår.

Nettsida inneheld informasjon om kor du kan finne ledige bustader og tomter, barnehage- og skuletilbod, kor du finn ledige stillingar, oversikt og næringsliv og fritidsaktivitetar. Det skal vere enkelt å finne informasjon viss ein ynskjer å etablere seg i Seljord, og me håpar at den vil kome til nytte både for nye og for eksisterande innbyggjarar.

Har du innspel eller tilbakemeldingar på nettsida kan du sende mail til kristine@bygdeutviklar.no

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?