Stenging av kommunalt vatn i området frå Rydland til og med Nutheim i Flatdal

Onsdag 12.oktober 2022 frå kl 9 blir det kommunale vatnet stengt i området frå Rydland til og med Nutheim i Flatdal. Ein må rekne med at vatnet er borte til ca kl 15.
Arbeidet ved Flatdal skule kan gå raskare enn planlagt, så de må halde alle kranar stengde i dette tidsrommet. Det er lurt å tappe vatn til dagleg bruk i kveld. Vi ber om orsaking for ulempa dette gjev.
Aktuelle abonnentar i området er varsla via sms og e-post i dag, 11.oktober.
Helsing Seljord kommune
Sist oppdatert