Manglande tilgang til data- og journalsystem ved legekontoret i dag, 6.10.22

Grunna eit fiberbrudd i Oslo-området har legekontoret mista tilgang til data og journalsystem idag.

Me kan difor ikkje ta blodprøver, skrive reseptar eller kontrollere/følge opp prøvesvar.

Dersom du har legetime i dag ber me deg om å ringe hit og bli enige med legen om du fortsatt skal komme til avtalt time, eller om det er best å flytte timen til ein annan dag.

All akutt/Ø-hjelp gjeng som vanleg. 

Det er forventa at problemet varer ut dagen. Me oppdaterar fortløpande vår FB side.

Med vennleg helsing

Leiinga ved Helsesenteret

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?