Mørke haustkveldar gir fare for kollisjonar med hjortevilt – køyr forsiktig!

Det byrjar å bli mørke morgonar og kveldar, og då er det fare for å treffe på vilt langs vegane.
Skulle du vere så uheldig å køyre på eit dyr, er det lurt å følgje desse råda:
- Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gje førstehjelp.
- Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
- Ring politiet på 02800 og meld frå om påkøyrselen.
- Ver så presis som mogleg når du varslar. Sei kva som har skjedd og kvar det har skjedd.
- Få med detaljar om art, tal og kjønn på dyret, dersom du veit det.
- Merk påkøyrselstaden, slik at det blir enklare å spore opp skada dyr.
- Eit merke på ei brøytestikke, kvist eller anna kan hjelpe vilt-ettersøkspersonen å finne fram.
- Følg aldri etter eit skada dyr sjølv. Det kan både vere farleg og gjere arbeidet til ettersøkshunden vanskeleg.
- Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller uten skuld i trafikkuhellet.
- Du er pliktig etter lova å melde frå om påkøyrde dyr.
Kjelde: Miljødirektoratet
Aktuelle lenkjer:
- Plikter ved påkjørsel av dyr. Statens vegvesen
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Viltpåkjørsler. Hjorteviltportalen
Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert