Tilbod om oppfriskingsdose - koronavaksine

Etter anbefaling frå FHI kan kommunen no tilby oppfriskningsdose mot covid-19 til nokre fleire grupper. Bakgrunnen for å tilby oppfriskningsdose er at vaksinasjon beskyttar godt mot alvorleg covid-19,  men beskyttelsen fell noko i løpet av nokon månader.  Derfor anbefalar FHI oppfriskningsdose til grupper som kan vere spesielt utsatt for alvorleg sjukdom som følge av covid-19.

Vaksineringa foregår på Granvin kulturhus på ettermiddagen. Det er førebels sett opp to vaksinasjonsdagar, 26.9. og 5.10.22.
Gå inn på Remin.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  - timebestilling og bestill deg time.  Dersom du ikkje har anledning til å bestille elektronisk kan du ringe helsesenteret. For aldersgruppa 12-17 år må ein ringe Helsesenteret for time, dei kan ikkje bruke Remin.

 

Doseintervall, anbefalingar frå FHI:
FHI anbefalar at ein ventar 3-4 månadeer etter påvist koronainfeksjon før ein tek oppfriskningsdose. Dersom ein ønsker dose tidlegare kan ein få tilbod, men det er eit krav om at det har gått minimum 3 veker etter at ein har blitt frisk.  Det bør gå 4 månader mellom forrige dose med koronavaksine og oppfriskningsdosa. 

Du kan lese meir om kva for grupper som får tilbod om oppfriskingsdose på koronasidene våre under Vaksinasjon

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?