Oppsøkande team på Dyrsku'n

Dyrsku’n er ei helg der ungdom ofte samlast i og omkring sentrum på kveldstid. I samband med Dyrsku’n 2022 vil Seljord kommune etablere eit førebyggande «oppsøkande team» som vil vere på  jobb fredag og laurdag kveld. Teamet er til stades for dei unge og er trygge vaksenpersonar i sentrum. Teamet har dialog med samarbeidspartnarar, som til dømes naudetatar og legevakt.

Teamet består av helsesjukepleiarane Gunhild, Anbjørg og Veronica, samt Sveinung frå psykisk helse. 
Dei vil vere kledd i refleksvestar merka med Seljord kommune.

Ta gjerne kontakt om du ser dei på vandring, anten for ein uformell prat eller om du treng hjelp til noko.

Primus motor for etablering av teamet er Sveinung Gåra, psykisk helse

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?