Stor lokal skogbrannfare
Brannvesenet vil med dette informere om at skogbrannfaren lokalt er stor no. Skogbrannfaren vil stige frametter. Vi vil på det sterkaste åtvare mot all bruk av open eld; dette gjeld også bruk av grillar og eingongsgrillar.
Kva betyr dette for den enkelte?
- Unngå bruk av open eld, dette gjeld og i innmark.
- Hugs at det er den som gjer opp eld som er ansvarleg, dersom dette kjem ut av kontroll.
- Brannvesenet kan sende rekning på utrykkingar som fylgje av brot på dei retningsliner som er gjeldande.
Brannvesenet ber alle om å fylgje denne oppmodinga som er gjeldande inntil det kjem nedbør av betyding. Slik som stoda er no, må det regne tett i fleire dagar for å redusere skogbrannfaren.
Sist oppdatert