Ministerbesøk i Seljord

I dag vi vi så heldige å få helseminister Ingvild Kjerkol på besøk. I nydeleg sommarver kunne vi ønske ministeren velkomen til helsesenteret vårt. Der fekk ministeren både høyre og sjå korleis vi jobbar tverrfagleg, med primærhelseteam, fastlegar og med akuttkjede og helsefellesskap. Ho fikk møte både tilsette, politikarar og små og store brukarar.   

Vi er stolte av det arbeidet er gjort og gjerast her i Seljord. Til tross for ein nasjonal fastlegekrise, lykkast vi med å rekruttere gode og kvalifiserte legar. Vi har eit helsesenter med eit tverrfagleg miljø med legekontor, legevakt, helsestasjon, fysioterapi og eining for psykisk helse. Dette trur vi er nykkelen for å gje gode helsetenester til innbyggarane våre, og det var gøy å få fortelje ministeren om vår «modell» på Seljord helsesenter. Vi har og vore sentrale i arbeidet med akuttkjeden i Telemark, eit samhandlingsprosjekt med mål om å at Telemark skulle få Norges beste akuttkjede, og fekk fortalt ho litt om det også.

Ministeren fikk høyre om både fortid, notid og framtid på helseområdet her i Seljord. Kva for erfaringar og utfordringar vi har møtt på, og kva slags potensiale vi ser framover. Kjerkol sa fleire gongar under besøket at Seljord har knekt koden når det gjeld å rekruttere og behalde, og på samarbeid og samhandling. Ho lova blant anna å sjå på ordningar som gjer det lønnsamt å samhandle, og på langsiktige ordningar i finansiering. Det ser vi fram til!

Vi takkar for besøket og ønsker ho velkomen tilbake når tid som helst!

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?