9.juni - "Kva er viktig for deg-dagen"

9.juni skal alle tilsette i Helse- og omsorgsektoren gå med buttons der det står «Kva er viktig for deg?», og vi skal alle spørje pasientar, kollegaar og oss sjølv «kva er viktig for deg?» Det vil også bli små markeringar av dagen ute på dei forskjellige einingane. 
Dette er ein del av satsinga "Det gode pasientforløp".

Seljord kommune er saman med Notodden sjukehus og dei andre kommunane i øvre Telemark med på satsinga «Det gode pasientforløp». Saman med Folkehelseinstituttet og KS arbeider vi for å utvikle gode, heilskaplege og funksjonsbaserte pasientforløp.

Eit tilbod til alle kommunar og helseforetak
I Stortingsmelding nr. 15(2017–2018) «Leve hele livet» kom det framlegg om å vidareføre arbeidet med satsinga på Gode pasientforløp. Alle kommunar og helseforetak skal få tilbod om å vere med i eit regionalt læringsnettverk. Forslaget baserer seg på dette arbeidet i regi av Folkehelseinstituttet og KS.

I 2014–2015 gjennomførte ein eit nasjonalt og eit regionalt læringsnettverk for Gode pasientforløp. Erfaringane var gode, og gjennom regionalt nettverk blei deltaking frå helseforetaket tydeleggjort. Helse- og omsorgsdepartementet utvida oppdraget til åtte nye læringsnettverk i perioden 2016–2019. Dette har leia til forslaget om å utvide satsinga til utgangen av 2022 for å auke kvaliteten på tenestene til helse- og omsorgssektoren.

Det er ofte i overgangane i eit pasientforløp at kvaliteten glepp. I denne satsinga er arbeidet konsentrert om å finne utfordringar i tenestebildet ved å intervjue pasientar og brukarar for å lære av opplevingane deira.

Merksemda er retta mot tenester i kommunar og helseforetak, og i overgangane mellom nivå og tenester, der det handlar om at brukaren/pasienten opplever ein heilskap og samanheng i tilbodet. Læringsnettverka bidreg med metodar og verktøy for å forbetre dagens praksis.

Måla for Gode pasientforløp:

  • Flytte merksemda frå «kva er i vegen med deg» til «kva er viktig for deg» for å styrke brukarrolla og bidra til likeverd og eigenmeistring hos pasient/brukar
  • Styrke merksemda på det som fremmer betre helse
  • Kommunar og helseforetak arbeider systematisk saman
  • Oppfølging av pasientforløpa ved hjelp av standardiserte målepunkt

Les meir om "Det gode pasientforløp" - KS Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kick off i Seljord
Onsdag 16. februar hadde vi kick-off for satsinga i Seljord. Her samla vi omlag 60 deltakarar frå Helse- og omsorgssektoren i Seljord til ein temakveld med fagleg påfyll, pasientforteljingar og underhaldning. Det var ein flott kveld med stort engasjement frå deltakarane.

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?