Ny tilskotsordning for mangfald og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ein ny tilskotsordning til mangfald og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet. Føremålet med tilskotsordninga er å skape varig auka deltaking. Det kan bli gitt tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter.

Søknadsfristen er 13.juni, kl. 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som t.d. friluftsliv.

Dette er målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilde barrierer.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa
  • Noverende og framtidige unge leiarara og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?