Hans Inge Hagen fekk kulturprisen for 2022

Hans Inge Hagen blei tildelt kulturprisen for 2022 på arrangementet i Seljord 17.mai.
Prisen er på kr. 20.000,-  og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad Barstad. Kulturprisen skal gå til ein person eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege for kulturlivet i Seljord kommune.

Prisen blei delt ut av ordførar Beate Marie Dahl Eide.

Ordførar viste i tala si til at Hans Inge Hagen har eit stort engasjement for at seljordingane skal vere i aktivitet, både unge og vaksne. Han er engasjert i ski, fotball, friidrett og allidretten, og har vore sentral i å lyfte fram friluftslivet og det å gå på tur. 
Dei som nominerte Hans Inge skreiv mellom anna:
«Han har dei siste åra gjort svært mykje for idretten i Seljord, men mest av alt har han gjort ein kjempeinnsats for folkehelsa i bygda. Han har for alvor sett turmoglegheitene i Seljord på kartet. Vi har blitt kjent med mange nye turforslag; korte og lange, lette og meir krevjande, også utanfor kommunen. I tillegg er han initiativtakar til lengre fellesturar som Lifjell på langs og Brattefjell. Gode fellesopplevingar og førebyggjande helsearbeid».

I tillegg har vinnaren hatt ulike verv innanfor både kultur og idrett i Seljord. Seljord idrettslag, Seljord turlag og Granvin kulturhus er mellom dei som dreg nytte av det store engasjementet. I tillegg til å bidra i Seljord skulemusikk der han er forelder og støttespelar. Han har og gjort ein kjempeinnsats for Sommarskulen som blei sett i gang i fjor sommar.

Seljord kommune gratulerer så mykje med vel fortent kulturpris!

Det blei ikkje delt ut kulturstipend i 2022, då det ikkje kom inn søknader.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?