Stor skogbrannfare

Brannvesenet vil med dette informere om at skogbrannfaren lokalt ennå er stor, trass i at det har kome noko nedbør dei seinaste dagane. Farenivået er sett til oransje frå 14. mai. Skogbrannfaren vil stige utover helga og i tida frametter.
Kva betyr dette for den enkelte?
- Unngå bruk av open eld, dette gjeld og i innmark.
- Eingongsgrillar kan nyttast i eigen hage, hugs å sette den på ubrennbart underlag, pass på at den er forsvarleg sløkt før den kastast i avfallsbehaldar
- Hugs at det er den som gjer opp eld som er ansvarleg, dersom dette kjem ut av kontroll.
- Brannvesenet kan sende rekning på utrykkingar som fylgje av brot på dei retningsliner som er gjeldande.
Brannvesenet ber alle om å fylgje denne oppmodinga som er gjeldande inntil det kjem nedbør av betyding. Slik som stoda er no, må det regne tett i fleire dagar for å redusere skogbrannfaren.
Med Helsing
Seljord Brannvesen
Sist oppdatert