Arkeologisk utgraving på Dyrsku'plassen - Open dag måndag 9.mai.

Utgravinga går framover og er no godt i gang. Dei har no avdekt to ganske store fotgrøfter, d.v.s. spor etter gravhaugar, fleire kokegropar og omlag 20 stolpehol, altså er det spor etter eit hus. Dei har også så langt funne litt keramikk og ein del av eit kleberkar.

I samband med utgravinga inviterer ein til open dag måndag 9. mai frå kl 16.00 og nokre timar framover.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?