Nye anbefalingar for covid-19 som gjeld no

Epidemien i Norge har nådd smittetoppen og er no klart synkande. 5.april oppheva Regjeringa rådet om å halde seg heime i 4 døgn ved påvist covid-19.
Det blir ikkje lenger vurdert som nødvendig å avgrense smitten med andre tilrådingar enn at sjuke personar held seg heime.
Den generelle anbefalinga om testing for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptomer gjeld ikke lenger.

Sidan epidemien er synkande og informasjonstrykket har gått ned, har vi vald å fjern snarvegen til informasjonssidene (den kvite boksen på toppbiletet), men du finn framleis samla koronainformasjon som siste tenesteboks på framsida vår
Der finn du samla informasjon om dei nye råda frå Regjeringa ved nyoppståtte luftvegssymptom, testing for covid-19 og beredskap for testing for covid-19.

Oppdaterte anbefalingar:
Anbefalingane om covid-19 som no gjeld er:

  • Hald deg heime viss du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
  • Du treng ikkje halde deg heime i 4 døgn.
  • Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.
  • Du treng ikkje testa deg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime viss du føler deg sjuk.
  • Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hos kommunen.
  • Det gjeld eigne anbefalingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19 på Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (fhi.no).

Les meir under Siste nytt 20.4.22

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?