Hugs Vinterles

Vi minnar om Vinterleskampanjen som vert arrangert av alle biblioteka i Vest-Telemark. Hent ei brosjyre på biblioteket og bli med! 

 

Vinterleskampanjen utfordrar nye og gamle lesarar i Vest Telemark mellom anna til å:

  • låne ei bok på Bookbites
  • bruke PressReader og else eit tidsskft eller avis digitalt
  • lese ei bok av ei kvinneleg forfattar fra Vest-Telemark
  • sette ei bok du likar i vinterleshylla
  • lese ei gul bok
  • delta på eit kulturarrangement 

Kampanjen går til 10.04.2022.

Av dei som klarar å krysse av for 10 eller fleire aktivitetar i lesebingoen vert det trekt ein heldig vinnar som får middag for to på Dalen hotell!

Kom på biblioteket, finn aktuelle bøker og bli med på vinterles!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?