Detaljreguleringsplan for Sinnesodden – ny høyring. Frist 1.5.22

Samfunnsutvalet i Seljord kommune har i møte 9.2.2022 vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Sinnesodden ut til nytt offentleg ettersyn i seks veker.

Grunngjevinga for nytt offentleg ettersyn er at det etter fyrste høyring er gjort ei rekke endringar som det ikkje har vore høve til å uttale seg om til no. Mellom anna er trasé for gang- og sykkelvegen endra.

Du finn saksframlegg og alle dokumenta i saka under Høyringar.

Frist for tilbakemelding er 1. mai 2022.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?