Kartlegging av ledige bustader for busetting. No treng vi hjelp.

Seljord kommune kartlegg no ledige bustader i kommunen. Vi har meldt frå til IMDI/UDI om at vi kan busette inntil 50 personar og innkvartere inntil 100 for å hjelpe til med den store flyktningestraumen frå Ukraina. Kommunen vil samarbeide med alle private, lag og organisasjonar i kommunen som ynskjer å hjelpe til.
I fyrste omgang ber vi alle med ledige bustader melde frå om dette via elektronisk kartleggingsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Har du meldt inn tidlegare, så treng du ikkje fylle ut på nytt.
- Har du spørsmål om bustad: Eigedomskonsulent Seljord kommune, Kim Gøran Aakre Bringa, kim.bringa@seljord.kommune.no, mobil 47636 710
- Har du spørsmål om busetting: Avdelingsleiar avdeling for integrering og vaksenopplæring, Ronde Ingeberg Schade, ronde.schade@seljord.kommune.no, mobil 413 28 929
Sist oppdatert