Folkehelseprofil for Seljord - 2022

Folkehelseinstituttet gav i februar ut oppdatert informasjon om korleis folkehelsa fordeler seg på ulike område i kommunane. Dette blir gjort gjennom ei såkalla folkehelseprofil Lenke til et annet nettsted.. Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne.

Livskvalitet er temaet for folkehelseprofilen 2022, og indikatorar og figurar tek utgangspunkt i dette temaet. Har ein god livskvalitet vil dette både fremme den enkeltes helse, sunne levevanar og samtidig styrke motstandskraft mot moglege belastningar som livet byr på. For å oppnå ein god livskvalitet må grunnleggande forhold vere på plass, slik som økonomi, bustad og generell deltaking i samfunnet. Indikatorane som blir presenterte i profilen er valde med tanke på helsefremjande og førebyggande arbeid. 
Du kan lese meir om folkehelseprofilen til Seljord under Folkehelse

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?