Bustøtte

Stortinget har vedteke å styrke bustøtta i 2022, særleg for barnefamiliar og andre store hushaldningar. Frå 1. januar aukar bustøtta  for eksisterande mottakarar noko, samstundes som ein del fleire får krav på bustøtte fordi buutgiftstak og inntektsgrenser aukar.

I tillegg har Stortinget vedteke ei mellombels styrking av bustøtta på grunn av situasjonen med svært høge straumprisar. Eit betydeleg utvida tal på husstandar med låge inntekter kan få rett til bustøtteutbetalingar i januar, februar og mars.
Husbanken har oppfordra kommunane til å hjelpe med å spreie informasjon om den mellombels styrkinga av bustøtta til aktuelle innbyggarar.

Meir informasjon om ordninga og korleis du søker finn du på Husbanken sine nettsider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Med vennleg helsing

Gerd Kari Skaalen
NAV Leder
NAV Vest-Telemark
 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?