Meteorologisk Institutt melder om kraftige vindkast frå onsdag kveld til fredags morgon

Uveret Gyda er på veg mot vår region, og det er varsla sterk vind. Hovudtyngda av dette ekstremveret (den ekstreme nedbøren) ligg ikkje an til å vedgå oss, men det er varsla om kraftige vindkast og full storm i fjellet. 

Straumforsyning kan bli påverka som fylgje av tre som knekk eller kjem over straumnettet og enkelte vegar kan bli stengt grunna tre eller andre objekt i vegbanen.

Frå hendinga før jol har me erfaring med at den kraftige vinden kan gje oss store utfordringar. Det vil difor vera viktig å sikre lause gjenstandar og unngå unødig ferdsel på utsatte stader. Vi rår dykk difor til å lade opp mobiltelefon og sikringsradio for dei som har det.  

​Igjen kan Åmotsdal bli særleg utsett. Dersom innbyggarar opplever nettutfall og treng å kome i kontakt med hjelpeapparatet, kan dei dra til Steinmoen Bu- og servicesenter i Åmotsdalsvegen 1216. Der er det nødnett og sikringsradio utplassert.  

Fylg med på vervarselet på varsom.no Lenke til et annet nettsted.

 

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?