Kompensasjonsordning for tap av omsetnad ved nye smitteverntiltak

Kompensasjonsordning for lokale verksemder innanfor servering og overnatting
Seljord kommune har fått kr 452.000,- av regjeringa for å kompensere lokale servering- og overnattingsverksemder for tapt omsetnad grunna dei nye smitteverntiltaka i desember månad.
Det er ynskjeleg å utbetale midlane til aktuelle verksemder så fort som mogleg.
Søknaden
- Vedlegg som dokumenterer omsetnadssvikt, avbestillingar, kasta/gitt bort varer må vere signert av rekneskapsførar eller revisor.
- Omsetnad blir definert som inntekter med fråtrekk for sparte kostnadar, og kan vere inkludert øydelagt mat som er kasta/ gitt bort.
- Dei verksemdene som ikkje klarer å gjere ferdig søknaden innan 11.januar ber vi om å varsle næringssjefen om at søknaden er på veg og kor stort beløp det blir søkt kompensasjon for.
Kontaktperson er næringssjef Asbjørn Storrusten, tlf. 917 96 785, e-post as@seljord.kommune.no
Sist oppdatert