Melding frå beredskapsleiinga 19. november kl 1130

Det har vore, og er vidare meldt mykje vind i området vårt ut over dagen. Mange i Seljord har i dag opplevd at straumen har forsvunne i kortare og lengre periodar.

Fasttelefonnettet er per no ute av drift. Mobilnettet er oppe og går. Alle nødnummer fungerar som normalt. Enn så lenge driftar vi som vanleg, men vi følgjer utviklinga fortløpande. 

Ved behov for øyeblikkelig helsehjelp som ikkje kan vente, så ring 113. 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?