Justisminister Emilie Enger Mehl har vore på besøk i Seljord

Onsdag var justisministeren på besøk i Seljord. Det var fint å kunne ønske ho velkomen til bygda vår, og stas at ho valde nettopp oss til den fyrste besøksrunden ute i kommunane. 


Tema for besøket var politireform og lensmannskontor, og ministeren møtte toppleiinga frå både politi og kommune. Politiet orienterte om status, erfaringar og utfordringar. Vest- og Midt Telemark er eit stort område rent geografisk, noko som gir særskilde utfordringar i området vårt.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide var tydeleg i sine forventningar om å få eit reelt lensmannskontor i Seljord. Stortinget vedtok å styrke dei gjenverande lensmannskontora etter nærpolitireforma, og Seljord kommune har dei siste åra opplevd at det er det omvendte som har skjedd. Vi merkar endringane i politiet godt i tenestene våre, spesielt innanfor helse, brann og flyktningetenesta, og vi er bekymra for både beredskapen og det forebyggande arbeidet.

 

Ministeren svarte opp at ho ynskjer langt fleire tenestestader enn det er i dag, og at dei skal fylgje opp Stortingets vedtak. Ho sa vidare at regjeringa skal gjere grep for å få politiet nærare folk. 

 

Vi er spente på kva det vil si heilt konkret for oss her i Seljord, og skal jobbe vidare for at lensmannskontoret her blir utvida både med tanke på bemanning og tenestetilbod.  

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?