"Frå leige til eige" - Ny runde - søknadsfrist 30.11.21.

Kommunestyret i Seljord fatta 17.9.2020 vedtak om at Seljord kommune skal prøve ut «Leige til eige» som eit nytt bustadpolitisk verkemiddel. Kommunen skal kjøpe bustad til to familiar der formålet er at vanskelegstilte familiar skal kunne overta fullt økonomisk ansvar for eigen bustad på sikt. Ordninga er eit prøveprosjekt og den fyrste familien flytta inn i hus våren 2021.

Les meir i nyheitssaken frå NRK her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

 Maksimal låneramme er 2,5 millionar kr inklusive alle kostnader i samband med kjøp og etablering.

Det er ein føresetnad for deltaking at familien ynskjer varig busetting i kommunen og at familien har barn i barnehage- og/eller skulealder. Familiane som får delta må kunne ha ansvar for alminneleg vedlikehald av eigen bustad utan ekstra oppfølging frå kommunen.

Det er også eit mål for prosjektet at det ikkje skal føre til ekstra driftskostnader for kommunen. Som med andre kommunale bustader er det kommunen formelt som kjøper, men den som leiger bustaden får opsjon på å kjøpe ut etter ein nærmare avtalt periode (inntil fem år). Kostnader kommunen har ved låneopptak i Husbanken blir dekt av leigekostnaden.  

Om familiane som er med i prosjektet vel å ikkje bruke opsjon på kjøp, så er huset framleis i kommunal eige, og kan leigast ut til andre med bustadsosiale behov.

Du finn meir informasjon om ordninga på nettsidene til Veiviseren.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Det er viktig å setje seg godt inn i føresetnadene for prosjektet før ein søkjer.

Dersom det er fleire som søkjer, så vil kommunen lage ei innstilling ut frå ei skjønsmessing vurdering av kven som best oppfyller krava til å delta i ordninga.

Send ein enkel søknad til Seljord kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord ved kommunalsjef skule og oppvekst.
Merk søknaden med «Søknad om deltaking i Leige til eige».

Spørsmål om ordninga til Ronde Ingeberg Schade,350 65 105 og mobil 41 32 89 29,
e-post ronde.schade@seljord.kommune.no .

Søknadsfrist 30.11.2021

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?