Status smittesituasjon i Seljord pr. 29.10.21 kl. 10.30

Vi har som kjent eit pågåande koronautbrot i Seljord kommune. Beredskapsleiinga har difor bestemt at ein gjennomfører ei målretta massetesting i skule og barnehagane etter råd frå FHI. Massetesting i skulen er no gjennomført, og dei aller fleste elevane har testa seg. Barnehagane har fått frist til å få testa seg ut fredag 29.10., så desse testane har vi ikkje oversikt over enno. Vi er kjent med at vi også har nokre smittetilfelle der.
Beredskapsleiinga ynskjer å takke alle heimar i skule og barnehage for eit godt samarbeid så langt!
Vi har oppdaga nokre nye tilfelle gjennom testing, men ikkje så mange. Alt i alt har vi i underkant av 20 smitta dei siste to vekene. Me opplever no å ha ein mykje betre oversikt over smittebiletet.
I ettermiddag skal beredskapsleiinga møtast for å diskutere om det er nødvendig med fleire rundar med massetesting, og eventuelt andre tiltak.
Det er ikkje grunn til å avlyse planlagde arrangement.
Dei borna som har negativ hurtigtest skal gå på skulen og andre aktivitetar som normalt.
Helsesenteret jobbar med å kontakte dei som har fått positiv test. Dersom barnet ditt har fått ein positiv test, og du ikkje har høyrd noko frå Helsesenteret, må du ikkje vere redd for å ta kontakt. Målet er å få ringt til dei vi ikkje har snakka med i løpet av fredag ettermiddag/kveld.
Kommuneoverlegen ynskjer å understreke at dette ikkje er ein uventa situasjon. Samfunnet har opna opp, og dei som er i fare for å bli alvorleg sjuke av korona har fått tilbod om vaksinasjon. Dei aller fleste av desse har takka ja. Det er også fint å sjå at dei elevane mellom 12-15 år har lite smitte. Dette betyr at vaksinen verker, sjølv om dei berre har fått ein dose.
Vi vil kome ut med ei oppdatering etter møtet i beredskapsleiinga i ettermiddag.
Sist oppdatert