Status smittesituasjon i Seljord, 28.10.21

Det har no vore ei auke i smittetilfelle med Covid-19, spesielt blant born.

I fleire tilfelle er det ukjent smitteveg og kommunen treng å få oversikt over smittesituasjonen. Dette skjer ved å utføre massetesting av elevar og tilsette ved Seljord barne- og ungdomskule, ved barnehagane i sentrum og i vaksenopplæringa.  

 Det vil bli delt ut hurtigtestutstyr til elevar og lærarar i dag, torsdag, og i barnehagane på fredag.

Alle elevar blir oppmoda om å gjennomføre hurtigtestane heime i løpet av torsdag 28.oktober, og fredag 29. oktober for barnehageborna.

Kommunen oppmodar alle til å framleis følgje dei generelle smittevernråda Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for å avgrense smitte:

  • Sjuke skal halde seg heime og ta ein hurtigtest så snart som mogeleg
  • Hugs på god handhygiene
  • Gode hostevanar
  • Hald avstand der det er mogeleg, og ta ekstra omsyn til personar i risikogrupper.

Kommunen ber òg alle som har symptom på Covid-19, og spesielt dei som ikkje er vaksinerte, om å teste seg. Vi oppmodar dei som endå ikkje har vaksinert seg om å gjere dette.

Sjølvtesting/ hurtigtest: Kontakt helsesenteret på tlf 35 06 52 50 og hent hurtigtest der.

Helsing Beredskapsleiinga
28. oktober 2021

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?