Status frå Beredskapsleiinga om smitteinformasjon

Beredskapsleiinga i Seljord kommunen har no vedteke at det vidare arbeidet med koronapandemien blir handsama i kommunen sin ordinære organisasjon.

Kommunen vil ikkje lengre varsle om eventuelle smittetilfelle når dei opptrer i liten skala. vi vil heller ikkje informere om vekestatus  på vaksinasjon. 

Samfunnet er no i ein normalsituasjon, og reglar for karantene og testing har endra seg. Organisasjonen tek seg av tilfelle som oppstår, smittesporing, testing m.m. ut frå nye reglar. 

Er du interessert i oppdaterte tal om status på vaksinasjon og smitta, også i Seljord, finn du all informasjon på heimesidene til Statsforvaltaren, sjå lenke: 

https://fylkesmannen.maps.arcgis.com/apps/dashboards/0afb5b5e4a9746d5a16530f7bdd3bdad Lenke til et annet nettsted.

Du kan lese meir om dei nye reglane hos Folkehelseinstituttet og kva du skal gjere ved symptom på luftvegsinfeksjon, sjå lenke til FHI Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Beredskapsleiinga

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?