Smittestaus 17.9.21 kl.15.30.

Seljord kommune fekk i går kveld melding om at 2 personar har fått påvist smitte av Covid-19. Eitt av smittetilfella er elev ved 9. kl. ved Seljord barne- og ungdomsskule.
Alle elevane i 9. klasse var heime frå skulen i dag fredag 17.september. Dette er fordi mange elevar vart vaksinerte torsdag ettermiddag, og det kan vere vanskeleg å skilje symptom på Covid-19 og eventuelle reaksjonar på vaksine.
Alle elevar i 8., 9. og 10. trinn har gjennomført hurtigtest i løpet av fredag ettermiddag. Smittesporing er gjennomført og alle kjente nærkontaktar er kontakta.
Kommunen fylgjer situasjonen nøye og det vil komme oppdatert informasjon om det er endringar i smittebilete.
Dersom du har vore i nær kontakt med ein smitta person, gjeld desse reglane for testing og karantene:
- Dei som er fullvaksinerte for meir enn ei veke sidan treng ikkje å vere i karantene eller teste seg, om dei ikkje skulle få nyoppståtte symptom på forkjølelse. Då er det viktig at ein kontaktar helsevesenet, og bestiller PCR-test så fort som mogeleg. Ein må vere i karantene til ein får svar på denne testen.
- Dei som er vaksinerte med éin dose for 3-15 veker sida skal ta ein hurtigtest på dag 5. Ein treng ikkje å vere i karantene eller teste seg om ein ikkje får nyoppståtte symptom på forkjølelse. Då er det viktig at de kontaktar helsevesenet og bestiller ein PCR-test så fort som mulig. De må vere i karantene til de får svar på denne testen.
- Dei som ikkje er vaksinerte bør teste seg med hurtigtest i dag, pluss måndag og onsdag i neste veke (altså tre testar til saman). Om nokon av desse vert positive må de kontakte legekontoret/legevakta med ein gang. De treng ikkje å vere i karantene om de ikkje skulle få nyoppståtte symptom på forkjølelse. Då er det viktig at de kontaktar helsevesenet og bestiller ein PCR-test så fort som mogeleg. De må vere i karantene til de får svar på denne testen.
Hurtigtestar med rettleiing finn de på Granvin kulturhus og Joker Flatdal.
Beredskapsleiinga
Sist oppdatert