Koronasmittetilfelle i Seljord, 16.9.21 kl. 23.30


Seljord kommune har fått melding om at 2 personar har fått påvist smitte av Covid-19.



Eitt av smittetilfella er elev ved 9. kl. ved Seljord barne- og ungdomsskule. Etter råd frå FHI skal alle elevane i 9. klasse vere heime frå skulen fredag 17.september. Dette er fordi mange elevar vart vaksinerte torsdag ettermiddag, og det kan vere vanskeleg å skilje symptom på Covid-19 og eventuelle reaksjonar på vaksine.



Elevar/føresette vert varsla gjennom skulen sine digitale meldingskanalar. Andre klassetrinn møter som vanleg på skulen.
 



Alle elevar i 9.trinn må gjennomføre hurtigtest i løpet av fredagen. Hurtigtestar kan hentast på Granvin kulturhus eller Joker Flatdal. Der er det rettleiing til bruk av test og informasjon om kva du skal gjere om testen er positiv.
 



Smittesporing er i gang, og nærkontakter vert kontakta. Kommunen fylgjer situasjonen nøye og det vil komme oppdatert informasjon i løpet av fredagen.




Beredskapsleiinga


Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?